ULOVLEG PLANTASJE: Bildet viser nokre av dei beslaglagte hasjplantene. (Foto: Politiet)
ULOVLEG PLANTASJE: Bildet viser nokre av dei beslaglagte hasjplantene. (Foto: Politiet)

Avslørte stor hasjplantasje

Politiet meiner plantasjen ber preg av profesjonalitet.

– Det dreier seg om over 40 planter. Me anser dette som eit grovt brot på narkotikalova, seier politiadvokat Ove Kahrs Wangensteen.

Det var natt til måndag 28. november at politiet kom over plantasjen i eit bustadhus i Sauda. Politiadvokaten vil ikkje gå i detaljer om alt som førte til avsløringa.

– Det var godt politiarbeid. Samtidig er det klart at ein så stor plantasje faktisk avgir lukt, også utanfor sjølve huset, forklarer han.

Wangensteen vil heller ikkje svara på om det blei gjort andre beslag i huset.

– Det eg kan seia er at plantasjen ber preg av profesjonalitet, seier han.

Ein mann, over 40 år, er pågripen i saka. Han er varetekstfengsla i fire veker. To av vekene er med brev- og besøksforbod.

Mannen er ikkje heimehøyrande i Sauda, men skal ha disponert huset der plantasjen blei avdekka.

Politiet etterforskar nå saka breidt, i heile regionen og i sør-fylket.

– Me jobbar nå med å finna ut meir om denne mannen sitt kontaktnett, og om han har operert åleine eller saman med andre. Me tar gjerne imot tips i saka, seier Wangensteen.