SKIFTAR JOBB: Knut Atle Seim går frå leiarjobben i Nav til ny jobb som einingsleiar for den interkommunale barnevernstenesta i Sauda og Suldal. (Foto: Frank Waal)
SKIFTAR JOBB: Knut Atle Seim går frå leiarjobben i Nav til ny jobb som einingsleiar for den interkommunale barnevernstenesta i Sauda og Suldal. (Foto: Frank Waal)

Blir leiar for barnevernet

Knut Atle Seim blir einingsleiar for den interkommunale barnevernstenesta.

Knut Atle Seim blir leiar for den felles barnevernstenesta i Sauda kommune og Suldal kommune. Seim er i dag leiar for Nav Forvaltning Rogaland, avdeling Sauda.

Seim er også aktiv Høgre-politikar og leiar av Sauda Høgre, og det var i kommunestyret onsdag at nyheita blei offentleggjort. Seim opplyser at han ikkje søkte på jobben som blei utlyst to gonger denne hausten, men at han blei kontakta av kommuneadministrasjonen.

Barnevernstenestene i Sauda og Suldal blei slått saman tidlegare i år, i ein modell kor Sauda er vertskommune, og deretter har ein søkt etter ein einingsleiar for tenesta. Seim startar i jobben 1. april i 2017.