FORNØGD: – Med tanke på kva tenestetilbod me har, synest eg me driv effektivt, seier rådmann Wictor Juul. (Arkivfoto: Edd Meby)
FORNØGD: – Med tanke på kva tenestetilbod me har, synest eg me driv effektivt, seier rådmann Wictor Juul. (Arkivfoto: Edd Meby)

– Eg har trivst godt i Sauda

Wictor Juul gir seg som rådmann i Sauda for å kome nærare heimstaden. No blir han rådmann i Hjelmeland.

Onsdag kveld vedtok kommunestyret i Hjelmeland at Wictor Juul får tilbodet om å bli ny rådmann i Hjelmeland. Juul har ennå ikkje formelt takka ja til tilbodet, men legg ikkje skjul på at han vil gjere det når alle formalitetar er på plass.

– Det går mot at eg vil seie opp mi stilling i Sauda før nyttår. Eg har tre månaders oppseiingstid, opplyser Juul.

Sidan han har blitt behandla som anonymisert søkar var det ingen som visste at han var aktuell som rådmann i Hjelmeland. I onsdagens kommunestyremøte informerte Juul politikarane om at han var innstilt som nummer éin og at det ville bli avgjort om nokre få timar.

Wictor Juul begynte som rådmann i Sauda i august 2013. Han har kone og eit hus på øya Fogn, som tilhøyrer Finnøy kommune. Han har derfor pendla i vekene.

– I lengda ønska eg ikkje å pendle på denne måten. Kanskje maks eitt eller to år til, seier Juul.

Nå vil han kunne reise til og frå sin nye jobb på Hjelmeland dagleg. Med sin fritidsbåt tar det kun 20-25 minutt over fjorden.

– Med kollektivtrafikk vil eg bruk pluss minus éin time kvar veg, opplyser han.

Han legg ikkje skjul på at han synest det vil bli vemodig å slutte i Sauda kommune.

– Eg har trivst godt i Sauda, og det har vore ein spanande jobb å vere rådmann her i tre og eitt halvt år. Ideelt skulle eg ønske at eg kunne bli her eitt år til, men rådmannsjobben i Hjelmeland dukka opp nå, seier Juul.