– Sauda har utruleg mykje bra å by på til folk som vil bygge hytte, men hittil har marknadsføringa vore gjort av kvart enkelt prosjekt. Vi vil gjere det mykje enklare for kundane å finne god informasjon om produktet – og produktet vårt er Sauda, seier dagleg leiar i Sauda Vekst, Inge Løyning.
Løyning legg vekt på at dette ikkje er marknadsføring.
– Nei, det skal utbyggarar og grunneigarar gjere sjølv. Vi skal gi samla informasjon, seier han, og skisserer opp ein idé som er enkel og grei:
*** Grunneigarar og utbyggarar går saman om å få ut informasjon om Sauda som hyttekommune.
*** Dette kan skje gjennom ein nettstad under Sauda Ferie og Fritid (SFF) på sauda.no.
*** Grunneigarer og utbyggarar betaler eingongskostnaden med å opprette portalen, og ei årleg avgift for å dekke kostnadene.
*** Sauda Ferie og Fritid drifter og oppdaterer nettstaden etter kvart som prosjekta tar form.
*** Det skal vere mogleg å få informasjon om kva tomter som er selde, reserverte eller ledige.
*** SFF er dermed vertskap og kan om ønskeleg arrangere visningar for potensielle kjøparar av hyttetomter.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.