EIT KRAFTFULLT SMIL: Mette Seim har fått beskjed om at ho ikkje har lenge igjen å leva. Men ho har sett inn eit motangrep mot kreftsjukdommen. (Foto: Edd Meby)
EIT KRAFTFULLT SMIL: Mette Seim har fått beskjed om at ho ikkje har lenge igjen å leva. Men ho har sett inn eit motangrep mot kreftsjukdommen. (Foto: Edd Meby)

«Ein dag skal du døy – alle andre dagar skal du leve»

Mette Seim har sett døden på vent. For å klare det bruker ho humor. Mykje humor.

Sitatet er brukt av den svenske forfattaren Henning Mankell, som døydde av kreft i 2015, og det ber i seg litt av den livskrafta som bur i kroppen under det glattbarberte hovudet til Mette Seim. Eg har akkurat tatt nokre bilde, då ho fortel korleis det var å skilje seg av med håret.

– Det fell av så mykje at det såg ut som om eg hadde fire hundar i huset, så eg gjekk til frisøren og bad henne ta vekk alt. Då eg så resultatet i speilet, så eg jammen ut som far min, hahahaha…..

– Og eg som alltid har trudd eg ligna mest på mor mi.

Ho ler så det syng i rommet.

Sommaren 2015: Mette får fleire små og store signal frå kroppen om at noko ikkje er heilt som det skal vere. «Små vondter», kallar ho dei, men ho er passert 50 og tenker at det er overgangsalderen som bankar på døra.

– Vi reiv den gamle hytta til foreldra mine, og eg kjende at eg blei unormalt tungpusta mens vi heldt på, fortel ho om dei første teikna.

Dessutan; ein spring ikkje til legen for kvar minste ting.

Men det er ikkje før oppunder jul at ho til slutt går til legen. Konklusjonen kjem fort: Kreft i buken. Det er ikkje så vanskeleg å stille diagnosen, for det viser seg at Mette går med ein svulst så stor som ein handball i magen. I mars 2016 blir ho operert. Sida har ho vore i behandling. Men i sommar fekk ho beskjeden frå legane:

– Du blir ikkje frisk. Du kan leve frå to-tre månader til to-tre år.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.