TILBAKE I SAUDA: Etter fem veker på Haukeland universitetssjukehus er Benjamin Nordhagen heime igjen. Med seg fekk han ei bok med bilde og tekst frå tida han låg i koma. Å gå gjennom boka saman med mamma Eileen og søstera Jane gjer både vondt og godt. (Foto: Frank Waal)
TILBAKE I SAUDA: Etter fem veker på Haukeland universitetssjukehus er Benjamin Nordhagen heime igjen. Med seg fekk han ei bok med bilde og tekst frå tida han låg i koma. Å gå gjennom boka saman med mamma Eileen og søstera Jane gjer både vondt og godt. (Foto: Frank Waal)

«Takknemleg for at eg fekk leve»

Då lungene til Benjamin Nordhagen svikta fekk familien beskjed om at døden var eit sannsynleg utfall.

Medan Benjamin Nordhagen låg på intensivavdelinga på Haukeland universitetssjukehus og kjempa for livet, begynte mora å tenke på begravelse for sonen.

– Eg måtte skyve bort dei tankane og begynte heller å be, seier Eileen Nordhagen og tar til tårene.

Heime i Sauda gjekk storesøster Jane Nordhagen Ilstad og trudde ho hadde sett broren for siste gong.

Tysdag møtte dei tre familiemedlemmene Ryfylke for å prate om den dramatiske situasjonen då legane jobba febrilsk for å finne ut kva som feilte Benjamin Nordhagen. Samtidig endra helsesituasjonen hans seg frå svært alvorleg til kritisk.

Eit par veker før hadde Benjamin Nordhagen blitt sjuk, heime i Sauda.

– Det føltes som eg hadde fått influensa. Eg var vekke litt frå jobb, men tenkte ikkje noko meir over det. Men etter ei veke begynte eg å hoste blod, seier han.

Han ringte legekontoret og fekk time dagen etter. Møtet med legen skulle bli viktig.

– Han fatta mistanke om at det kunne vere noko alvorleg. Han sendte meg med ambulanse til Haugesund, seier Benjamin.

Sjølv forstod han ikkje alvoret då.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.