NESTE I REKKA?: Dei siste fire tiåra har desse fire mannfolka vore rådmann i Sauda. Kven blir den neste? Frå venstre: Ståle Pedersen, Nils Moldøen, Alan G. Thompson og Wictor Juul. (Arkivfoto)
NESTE I REKKA?: Dei siste fire tiåra har desse fire mannfolka vore rådmann i Sauda. Kven blir den neste? Frå venstre: Ståle Pedersen, Nils Moldøen, Alan G. Thompson og Wictor Juul. (Arkivfoto)

Jaktar på ny rådmann

Kommunen ber rekrutteringsfirma om hjelp til å finna ein erstattar etter Wictor Juul.

– Same dag som Wictor Juul varsla sin avgang var me i gang med prosessen med å finna ein ny rådmann, seier Asbjørn Birkeland, ordførar i Sauda kommune.

Det var i desember det blei klart at saudarådmann Wictor Juul hadde takka ja til å bli ny rådmann i Hjelmeland kommune, og følgeleg sa opp si stilling i Sauda. Juul står i stillinga i Sauda til utgangen av mars i år.

Ordførar Birkeland fortel at formannskapet vedtok at kommunen skulle søka ekstern bistand i arbeidet med å få på plass ein ny rådmann.

– Me har sendt ut forespørsel til fem-seks rekrutteringsfirma, som har frist på seg til rundt 20. januar til å komma med sine tilbod, forklarer han.

Truleg vil to-tre av dei mest aktuelle bli invitert til å komma til Sauda for å presentera sin plan for rådmannsjakta. Om dette blir gjort for formannskapet eller for eit nedsett tilsettingsutval er foreløpig ikkje avgjort.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.