– Fylkesmannen i Rogaland har lagt ut varsel om nytt ekstremvêr. Sauda har mottatt varsel om høg vasstand, melder Sauda kommune på si Facebook-side.
Det er Meterorologisk institutt som varslar om ekstrem høg vasstand langst kysten av Vestlandet i morgon, torsdag.
Ifølge meteorologane har ikkje vasstanden vore så stor på rundt 20 år.
– Skadepotensialet et også avhengig av vindstyrke, vindretning og bølger. Varselet for i morgon viser sterk kuling-liten storm frå vest-nordvest på det tidspunktet vatnet er venta å stå på det høgaste. På utsette stader langs kysten viser varselet nå bølger opp mot seks-åtte meter, skriv meteorologisk institutt.