Fram til lunsj i dag, torsdag, er det venta at vasstanden er på sitt høgaste på Vestlandet. I forkant blei det åtvara om at folk held seg unna kaier.
I Sauda har kaien ved sentrum blitt sperra av, men det er kun moderat vasstand i fjorden. Sjøen held seg under kainivå. Det er varsla at vasstanden skal avta i løpet av dagen.
I både Stavanger og Bergen skal vasstanden torsdag formiddag gå over kainivå og folk blir bedt om å halde seg borte frå kaiområdet.