Like før klokka 01 natt til torsdag varsla politiet sin operasjonssentral i Haugesund at det har gått eit lite steinras i ein av tunnellane på Fylkesveg 520 på veg inn til Sauda. Operasjonsleiar Oddvar Olsen opplyser torsdag morgon at raset skal ha skjedd i Varstadtunnelen. Det er den første tunnelen etter Svandalsfossen, om ein køyrer frå Sauda.
– Ingen er skada, men det ligg stein i vegbanen ved innkøyring til tunnel, opplyser politiet på Twitter.
Ein dryg time etter at politiet melde om steinraset, varsla operasjonssentralen at vegbanen er rydda.