Risvoll skule
FORMANNSKAPET: Stort fleirtal for å behalde Risvoll skule.

Vil kjempe for skulen

Lærarane på Risvoll skule tvilar på at kommunestyret blir med på rådmannens forslag om nedlegging av skulen.

Det var måndag at dei tilsette ved Risvoll skule blei varsla at rådmannen vurderer å foreslå å legge ned skulen som eit ledd i innsparingane i kommuneøkonomien.

– Me er skuffa over at debatten om skulestruktur i det heile tatt dukkar opp igjen nå, seier tillitsvalt for Utdanningsforbundet ved Risvoll skule, Stefan Moen Søfting.

For nokre år sidan var det også ein debatt om Risvoll skule skulle bestå eller ikkje.

– Det er ikkje lenge sidan at rådmannen og kommunalsjefen sa at den debatten er lagt død. Me føler at administrasjonen er under press og at dette forslaget ber preg av litt panikk, meiner Søfting.

Han presiserer at dei tilsette forstår at administrasjonen må ta økonomiske grep.

– Men me forstår ikkje at dei foreslår dette grepet. Ei nedlegging vil ikkje bare gå ut over skulen, men også samfunnet her, meiner han.

Søfting har ikkje tru på at kommunestyret vil gå med på ei nedlegging av Risvoll skule.

– Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet i Sauda gjekk til val på at skulestrukturen skulle bestå. Det har dei programfesta, påpeiker Stefan Moen Søfting.