Fotballgruppa i Sauda Idrettslag trommar saman ein fotballcup for barn helga etter påske, 21. april–23. april. Prosjektgruppa for cupen, med Stig Birkeland, Rune Bastlien, Edd Meby og Roger Birkeland, opplyser at Sentrumscupen vil bygge på fjorårets initiativ, då fotballgruppa arrangerte cup for den same aldersgruppa, men ikkje i eit slik omfang som nå.
– Me ønsker å sjå på kombinasjonen fotball og ski. Det er fleire moglegheiter for laga utanom turneringa her, med skitrekket, handel i sentrum, badeanlegget og kinoen. Forhåpentlegvis er det ei totalpakke som kan generere overnattingar i Sauda, seier Stig Birkeland.
– Det skal vere ei sosial samling og ei triveleg helg for deltakarane og laga. Det blir ei vidareføring frå cupen me arrangerte i fjor, og me håpar å bygge vidare på arrangementet år for år, poengterer Bastlien.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.