MINDRE?: Helsesektoren kan bli ramma av kutt. (Arkivfoto)
MINDRE?: Helsesektoren kan bli ramma av kutt. (Arkivfoto)

Foreslår omorganisering

31. januar legg rådmannen fram eit forslag til omorganisering som skal gi ti millionar kroner i årlege innsparingar.

– Forslaget me legg fram vil ikkje bare handle om Risvoll skule. Me legg også fram forslag om å slå saman einingar og redusere talet på einingsleiarar i Sauda kommune, opplyser rådmann Wictor Juul.

Rådmannen vil ikkje fortelle alle forslaga til organisasjonsendringar nå, men han opplyser at det vil bli foreslått å slå saman einingar innan helse- og omsorg.

– Me må ta ting i rett rekkefølge. Eg kan ikkje gi alle opplysningar nå då ikkje alle er varsla om administrasjonens ulike forslag. Men dei tilsette og FAU på Risvoll skule er orientert om forslaget som går på skulestruktur. Dei har ikkje fått munnkorg og står fritt til å kommentere dette forslaget, seier Juul.

I september vedtok politikarane at rådmannen skulle foreslå ei omorganisering av organisasjonen. I desember vedtok kommunestyret eit budsjett med store kutt i drifta. Rådmannen vil nå presentere sitt forslag til korleis omorganiseringa bør bli gjennomført og kva innsparingar dette vil gi.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.