IKKJE MED: I konseptskissene til eit Arena Sauda, som blei lansert i fjor, var det tenkt eit allaktivitetshus på den gamle utebassengtomta. Men verken idrettslaget eller turnforeininga liker planane og har trekt seg ut. – Samarbeidet fungerte ikkje, seier Håvard Rosnes, leiar i Sauda IL. (Foto: Edd Meby)
IKKJE MED: I konseptskissene til eit Arena Sauda, som blei lansert i fjor, var det tenkt eit allaktivitetshus på den gamle utebassengtomta. Men verken idrettslaget eller turnforeininga liker planane og har trekt seg ut. – Samarbeidet fungerte ikkje, seier Håvard Rosnes, leiar i Sauda IL. (Foto: Edd Meby)

Samarbeidsproblem rundt Arena Sauda

Verken idrettslaget eller turnforeininga ønsker lenger å involvera seg i eit digert aktivitetshus på utebassengtomta.

– Idrettslaget skulle hatt to personar med i gruppa som har jobba med desse planane. Dessverre har dei ikkje vore involvert i møte og i prosessen, seier Håvard Rosnes, leiar i Sauda Idrettslag.

Rosnes vil ikkje gå i konkrete detaljar om kva samarbeidsproblema handla om, men seier representantane frå idrettslaget ikkje skal ha følt seg involvert av utgreiarane.

– Det handlar om involvering. Me følte at me stod på utsida av prosjektet. Arena Sauda handlar om store og kostbare investeringar. Då må eit samarbeid fungera, og aktørane må bli ivaretatt. I ein mulegheitstudie må ein få komma med innspel om behov og ønsker. Når det ikkje skjedde, valde me å trekka oss ut, seier Rosnes.

Heller ikkje Sauda Turnforening ønsker å involvera seg i den vidare prosessen knytt til Arena Sauda. Turnforeining var ikkje invitert med i gruppa som skulle jobba med Arena Sauda, men blei informert om prosjektet like før mulegheitstudien blei presentert for formannskapet i fjor vår. Dei som hadde utarbeidd konseptet såg føre seg at nokre av turnforeininga sine aktivitetar kunne bruka areal i basishallen i aktivitetsbygget. Saka blei deretter diskutert i styret i turnforeininga.

– Eit einstemmig styre slo fast at ei slik løysing ikkje vil tilfredsstilla våre medlemmers behov. Samtidig følte me at Arena Sauda er eit prosjekt med kommersielle interesser, der dei kulturelle og idrettslege interessene kjem meir i bakgrunnen. Det er i strid med våre intensjonar, og me valde å avslå ei vidare involvering i prosjektet ,seier Stian Bjørheim, styreleiar i turnforeininga.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her