Då kommunestyret i desember vedtok kommunebudsjettet for 2017, la dei inn krav om at budsjettet for brann- og oljevern skal kuttast med ytterlegare 250 000 kroner, i tillegg til dei alt 700 000 kronene rådmannen hadde foreslått i sitt budsjettforslag. Administrasjonen har nå vurdert innsparingsområda, og sett på konsekvensane av dei nye budsjettkutta.
– Ja, det er klart det har vore vanskeleg å kutta såpass mykje i budsjettet vårt. Me har vore nøydde for å gjera store kutt i dei ikkje-lovpålagte oppgåvene våre. Dette alvorleg mykje pengar for oss, seier Inge Seim, varabrannsjef i Sauda kommune.
Politikarane sitt krav om å kutta drifta av brannvesenet med ytterlegare 250 000 kroner kom på toppen av dei kutta rådmannen og brannvesen-leiinga hadde funne rom sitt budsjettforslag for 2017.
– Me hadde alt kutta kraftig i budsjettet vårt. Derfor var det ekstra utfordrande når me måtte kutta endå meir, seier Seim.
Les meir i papiravisa eller last ned eavis her