KINO MEIR POP: Kinobesøket gjekk opp i fjor. Kinosjef Astrid Espeland håpar at den kommunale kinoen på sikt kan gå i økonomisk balanse. (Foto: Frank Waal)
KINO MEIR POP: Kinobesøket gjekk opp i fjor. Kinosjef Astrid Espeland håpar at den kommunale kinoen på sikt kan gå i økonomisk balanse. (Foto: Frank Waal)

Godt kinoår i Sauda

Kinobesøket gjekk opp 26 prosent i Sauda i 2016.

– 2016 blei eit fantastisk godt kinoår, konstaterer kinosjef Astrid Espeland.

10 551 kinobillettar blei selt i 2016. I 2015 blei det selt 9 190 billettar.

– Det var svært mange gode filmar som kom i fjor. Dette har trekt opp kinobesøket, ikkje bare i Sauda, men også i heile landet, seier Espeland.

Men sjølv om kinobesøket gjekk opp i Norge i 2016, var auken i Sauda mykje høgare. På landsbasis auka besøket med 4,8 prosent. I Rogaland var veksten 12,4 prosent, mot 26,3 prosent i Sauda.

– Det er eg kjempefornøgd med. Det er inspirerande å halde på med dette når såpass mange går på kino. Eg synest saudabuen er flinke til å gå på kino, for i dag er det mange som konkurrerer med kino, seier Espeland.

Ho er likevel klar over at Sauda kino aldri vil oppleve besøkstala kinoen hadde for fleire tiår sidan. Ifølge Ryfylke 15. januar 1971 var det 35 047 besøkande på Sauda kino i 1970.