Etnetunnel er langt fram, viss den i det heile tatt kjem. (Fotomanipulasjon)
Etnetunnel er langt fram, viss den i det heile tatt kjem. (Fotomanipulasjon)

Flyttar Etnevegen ned

Fleire tidlegare politikarar ønsker fortsatt at Etnevegen skal stå på topp.

– Etnevegen er fortsatt det viktigaste samferdselsprosjektet for Sauda. Innspelet til handlingsprogrammet endrar ikkje det, men tanken bak denne rekkefølgen er å tenka kort og lang sikt, seier ordførar Asbjørn Birkeland.

Fleire politikarar frå sist kommunestyreperiode reagerer likevel på rekkefølgen, der Etnevegen ikkje lenger er øvst på Sauda kommune si ”ønskeliste” dei komande fire åra.

I Sauda kommune sitt innspel til ”Handlingsplan for fylkesveier 2018-2021” er det nemleg lista opp fem prosjekt som er viktige for Sauda, i prioritert rekkefølge. Øvst på lista står sikring av Svandalsfossen og opprusting av veg og ny gang- og sykkelsti mellom Svandalsfossen og Saua Gard. Vidare følger gang- og sykkelveg langs båthamna og miljøgate gjennom sentrum. På fjerdeplass på den fem punkt lange prioriteringslista står punktet ”Ny tunnel Sauda – Etne”.

Tidlegare kommunestyrerepresentantar Mette Seim (Ap) og Ivar Tangeraas (H) meiner Etnevegen bør stå på topp.

– Eg meiner det er viktig å visa at ein har trua på Etnevegen. Viss ein nå har skubba Etnevegen nedover på lista, bør det iallfall komma med ei forklaring på kvifor ein har endra på prioriteringsrekkefølgen. Eg trur fylket vil stussa litt på at Etnevegen ikkje lenger er øvst på lista til Sauda, seier Seim.

Tangeraas fryktar at Sauda med denne prioriteringslista sender ut signal om at Etnevegen ikkje lenger er det viktigaste for Sauda.

Les meir i papiravisa tysdag 31. januar.