OPTIMIST: Hovudtillitsvalt i Fagforbundet, Siv Jørgensen, her på Åbøtunet, har inntrykk av at hennar medlemmer i Sauda kommune er førebudde på og motiverte til endringar i organisasjonen. (Foto: Ingvil Bakka)
OPTIMIST: Hovudtillitsvalt i Fagforbundet, Siv Jørgensen, her på Åbøtunet, har inntrykk av at hennar medlemmer i Sauda kommune er førebudde på og motiverte til endringar i organisasjonen. (Foto: Ingvil Bakka)

Motiverte for endring

Fagforbundet melder om positiv stemning blant sine 306 yrkesaktive i Sauda kommune, sjølv om dei sjølvsagt ikkje er einige i alt rådmannen føreslår.

– Det er eigentleg litt forunderleg. Eg var førebudd på kriging og tøffe tak, men eg har inntrykk av at folk er positive til den føreståande omorganiseringa. Folk er stort sett einige i at endring må til, og at ei ny organisering kan gjera systemet meir effektivt, seier Siv Jørgensen, hovudtillitsvalt for Fagforbundet Sauda.

Dersom omorganiseringsforslaget til rådmann Wictor Juul blir vedtatt av politikarane vil arbeidskvardagane for mange av dei tilsette i Sauda kommune bli endra. Fleire einingar blir slått saman, og avdelingar og ansvarsoppgåver blir flytta på. Enkelte mister oppgåver, andre får fleire. Jørgensen fortel at dei tilsette alt er godt i gang med omstillingsprosessar og nye organiseringar, der målet er å få til ei mest muleg effektiv drift. Organisasjonsendringar er dermed alt godt forankra i arbeidsinnstillinga til dei tilsette som i dag jobbar i kommunen.

– Ein ser at det ikkje nyttar å kjempa imot, og at det er betre å jobba saman for å finna gode løysingar. Folk er førebudde på og motiverte til mange av endringane, seier ho.

Likevel, alle er naturlegvis ikkje einige i alle forslaga som kjem frå rådmannen. Det ville, ifølge Jørgensen, også vore rart om alle var.

– Blant anna liker me ikkje tankane rådmannen lanserer om å setta ut reinhaldsoppgåvene. Det vil me kjempa sterkt imot, lovar Jørgensen.

Sauda kommune har i dag rundt tjue reinhaldarar.

Les meir i papiravisa eller last ned eavis  her