LANGREIST: John Andrews reiste halve kloden og fekk ein tysdag i januar ei personleg omvisning av ordførar Asbjørn Birkeland. (Foto: Frank Waal)
LANGREIST: John Andrews reiste halve kloden og fekk ein tysdag i januar ei personleg omvisning av ordførar Asbjørn Birkeland. (Foto: Frank Waal)

Kom frå Sør-Afrika for å sjå Allmannajuvet

John Andrews reiste frå Sør-Afrika for å oppleve Zumthor-bygga i Allmannajuvet.

Nyleg fekk ordførar Asbjørn Birkeland ei henvending frå ein sør-afrikanar. Han var på Norges-besøk og svært høgt på ønskelista stod eit besøk i Allmannajuvet. Turistanlegget er stengt på denne årstida. Ordførar Birkeland tok derfor med seg nøklane og sør-afrikanaren opp til Allmannajuvet og baud på ei personleg omvisning.

– I am a huge Peter Zumthor-fan, opplyser Andrews.

På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.

Sør-Afrikanaren er langt over snittet interessert i arkitektur og historie. Han jobbar nemleg med emnet i ei doktoravhandling på eit universitet i Sør-Afrika.

Når Ryfylke tar turen oppom Allmannajuvet for å møte den i overkant interessert arkitekturlæraren, kan han opplyse at bygga og landskapet i Allmannajuvet i høgste grad lever opp til forventningane han hadde.

– Måten bygga er plassert og korleis dei passar inn i landskapet er «waaaaay out of this world», seier Andrews entusiastisk, ikledd ein dose arkitektoniske uttrykk som journalisten ikkje skjønner bæret av.

Han er også fascinert over at Allmannajuvet vinterstid kun framstår i to fargar.

– Alt er enten svart eller kvitt. Bygga og berget er svart, medan snøen er kvit. Det er veldig stilig, seier Andrews.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.