– Me reknar med at folk kan gå på skeiser her på tennisbanen i morgon, onsdag, seier varabrannsjef Inge Seim.
I dag, tysdag formiddag, starta brannvesenet arbeidet med å is-legga den øverste av dei to tennisbanane i Åbøbyen. Naturen sjølv hadde sørga for eit lite is-grunnlag på dekket, før brannvesenet pøste på med tusenvis av liter med vatn.
Då arbeidet starta i 10-tida på føremiddagen var det rundt to minusgrader i området. Men det er meldt om stadig kaldare vêr i timane og dagane framover. Ifølge vêrmeldingane kan det bli ned mot ni minusgrader, kombinert med strålande solskin og blå himmel. Med andre ord: Ypparlege forhold for dei skeise-glade.
For brannvesenet handlar det ikkje bare om å vera snille med folk som vil gå på skeiser.
– Det handlar aller mest om førebygging. Det er betre at ungane går på skeiser her, på trygg grunn, enn at dei tar seg ut på livsfarlege islagte sjø- eller fjellvatn, seier Seim.
Også i fjor sørga brannvesenet for skeise-is på tennisbanen, og Seim fortel at fleire av skulane nytta mulegheita til bruka banen i gymtimar eller ved sosiale anledningar i klassane. Skeisebanen blei også flittig brukt på kveldstid, då banen har flomlys.
I fjor vinter blei det også lagt is på delar av grusbanen. Dette prosjektet blir mest sannsynleg, og bokstaveleg tala, lagt på is i år.
– Nå blir det jobba med eit anna prosjekt på delar av grusbanen, så eg trur ikkje me skal begynna med noko der nå. Dessutan skal jo kommunen spara pengar, og det er jo ikkje akkurat få liter med vatn som trengst til slike ting, innrømmer varabrannsjefen.