Fylkesmannen i Rogaland har anbefalt at Hylsstronda blir overført frå Suldal til Sauda. Det er Stortingets kommunalkomité som nå behandlar kommunereforma. Komitéleiar Helge André Njåstad (FrP) seier til Ryfylke at han ikkje er innstilt på å foreslå at Hylsstronda blir grensejustert til Sauda.
– Me ønsker ikkje å tvangsflytte bygder i kommunereforma. Me vil konsentrere oss om kommunesamanslåingar og oppgåvene til kommunane, seier Helge André Njåstad til Ryfylke.
– Følar du at samarbeidspartia er på linje med Framstegspartiet i dette synspunktet?
– Ja, det gjer eg. Grensejustering bør heller kome seinare, men då som eit lokalt initiativ, seier Njåstad.
Les meir om denne saka i papiravisa fredag 10. februar.