Statistikken for 2016 viser at antal narkotikasaker i Sauda og Suldal lensmannsdistrikt er sterkt fallande. I fjor var det etterforska 28 narkotikalovbrot. For to år sidan var talet dobbelt så høgt. Sjølv om utviklinga ifølge statistikken er positiv, vil likevel ikkje lensmann Siri Fisketjøn Indrebø konkludere med at narkotikabruken er på veg ned.
– At talet på narkotikalovbrot går ned er sjølvsagt gledeleg. Samtidig gir ikkje tala eit korrekt bilde av utfordringane me står overfor. Narkotika er dessverre eit vedvarande problem. Me kunne blant anna ha jobba fram fleire saker enn kva me har klart, samtidig som me også er avhengig av fleire tips frå publikum, seier Siri Fisketjøn Indrebø.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.