KJEM ONSDAG: Leiar av Det norske Arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre, takka ja til invitasjonen frå Sauda Arbeiderparti. (Foto: Arbeiderpartiet, Flickr.com)
KJEM ONSDAG: Leiar av Det norske Arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre, takka ja til invitasjonen frå Sauda Arbeiderparti. (Foto: Arbeiderpartiet, Flickr.com)

Jonas Gahr Støre til Sauda

Leiaren av Det norske Arbeidarpartiet besøker Eramet, Folkets Hus og utebadeanlegget onsdag.

– Me er veldig glade for at Gahr Støre har valt å komma til Sauda i løpet av sin vestlandstuné. Han kjem til Sauda komande onsdag klokka 14.00 og vil vera her i to timar, seier Asle Rafdal i Sauda Arbeiderparti.

Den lokale partiet har, saman med apparatet rundt partileiaren, lagt opp til eit stramt program for det to timar lange Sauda-besøket. Gahr Støre og hans delegasjon vil starta med eit besøk hos Eramet og verksdirektør Rune Dolmen. Der vil truleg CO2-kompensasjon vera eit av temaa som vil bli diskutert.

– I tillegg har me lagt opp til eit besøk på Folkets Hus, for å visa fram planane knytt til det nye kulturhuset. Gahr Støre skal også få ein liten tur bortom utebadeanlegget for å kikka på dette, seier Rafdal.

Jonas Gahr Støre har vore partileiar i Arbeidarpartiet sidan 2014. Han har tidlegare vore utanriksminister og helseminister i Norge.