– Som arbeidarpartipolitikar synest det høver seg. Og eg blir jo litt smitta av den begeistringa, den gløden og den fellesskapskjensla dei involverte i Folkets Hus-prosjektet viser, seier Jonas Gahr Støre.
Leiaren av Den norske Arbeiderpartiet besøkte i dag, onsdag, Sauda. Etter eit besøk på Eramet, der smelteverket sine utfordringar knytt til CO2-kompensasjon stod på programmet, var det tid for eit lite besøk innom Folkets Hus. Ap-leiaren fekk informasjon om restaureringa og dugnadsarbeidet i bygget av styreleiar i Folkets Hus, Sivert Sørnes og kultursjef Åshild Marie Øverland.
Ap-kollega på Stortinget, Hege Haukeland Liadal, fortalde at ho hadde kjøpt seg folkeaksje i Folkets Hus og utfordra Støre til å gjera det same. Han slo til, utan å nøla.
– Du spurte først om prisen etterpå…?
– Ja. Prisen er ikkje så viktig her. Det å få kunne få vera med på dette er stort. Dessutan snakka eg nyleg med ein skuleklasse, og dei meinte at me stortingspolitikarar tente veldig godt. Då har eg råd til dette, forsikrar Støre.