Risvoll skule
FORMANNSKAPET: Stort fleirtal for å behalde Risvoll skule.

Vil behalde Risvoll skule

Formannskapet ber rådmannen sjå på andre innsparingar innan skulesektoren.

Onsdag starta den politiske behandlinga av ny organisering av Sauda kommune. Eit klart fleirtal i formannskapet varsla at dei ikkje blir med på ei nedlegging av Risvoll skule. Men samtidig fekk rådmannen beskjed om han kunne hoste fram andre kutt innan skulesektoren, utan at det gjekk på bekostning av talet på skular.

Kun Høgre sin representant tok til orde for at det nå måtte kraftig kost til og at Risvoll skule burde bli lagt ned. Han reagerte på at dei andre politikarane ikkje presenterte eit økonomisk alternativ til innsparing, som i sum utgjorde den innsparinga rådmannen hevdar ein får ved å legge ned Risvoll skule.

Les meir om formannskapets behandling av kommunens omorganisering i fredagens avis.