Sauda Fjordhotell er lagt ut for sal, etter at eigarane av bygget slo eigedomsselskapet konkurs.
Prisantydinga på bygget er sett til 4,8 millionar kroner. Det er Eiendomsmegler 1 som står for salet og i følge annonsa blir bygget selt fullt møblert, minus nokre måleri som ikkje følger med i handelen.
Det blir opplyst i annonsa at bygget er eit konkursbo og at det blir selt utan at det følger med ein leigeavtale for bygget.
I tillegg til 26 hotellrom følger det også med ni enkle hytter som ble oppført på slutten av 80-talet. Sjølve hotellbygningen er frå 1913.