GODT VM: Glenn Tore Løland tok seg vidare frå sprintprologen tysdag. Her frå den klassiske distansen i helga. (Foto: Privat)
GODT VM: Glenn Tore Løland tok seg vidare frå sprintprologen tysdag. Her frå den klassiske distansen i helga. (Foto: Privat)

Løland til VM-kvartfinale

Tok seg vidare med drygt fire sekund.

Randoløparen Glenn Tore Løland tok seg tysdag til kvartfinalane i sprint i VM i randonee.

Suldølen, som er busett i Hylsstronda og går for Sauda Idrettslag, hadde den 26. beste tida i prologen. Det gav kvartfinalebillett. Dei 30 raskaste gjekk vidare til finaleheata. Løland var drygt fire sekund raskare enn 30.-plassen.

I prologen stoppa Løland klokka på 4.03.8, eit drygt halvminutt bak prologvinnar Anton Palzer (Tyskland), som gjekk på 3.32.3

Av dei andre norske deltakarane i herreklassen tok også Lars Erik Skjervheim og Ove Erik Tronvoll seg vidare til kvartfinalane, høvesvis med den 20. og 30. beste tida i prologen.

Løland sine konkurrentar i kvartfinalen er Inigo Martínez de Albornoz Marqués (fem i prologen), Andreas Steindl (seks i prologen), Pietro Canclini (15 i prologen), Xavier Areny Bernabe (16 i prologen) og Micha Steiner (25 i prologen).

Oppdatert: Løland rauk i kvartfinalen. Sveitsaren Iwan Arnold tok gullet, foran prologvinnar Patzer (Tyskland) og Oriol Cordona Coll (Spania). Beste nordmann blei Skjervheim på 15.-plass.

Her finn du resultata.