Det er dagen etter at den siste familien reiste frå Sauda Mottakssenter. Kristin Hystad sit aleine igjen, medan lokala blir tommare og tommare rundt ho.
Tårene har pressa på lenge, og trigga av å lese avissaka om Waad Al-Ledani, Entidhar Abbas Zaher og barna deira, som så inderleg vil vere igjen i Sauda, gir Kristin etter. Tårene fell, slik dei har gjort med ujamne mellomrom i takt med at fleire og fleire asylsøkarar har måtta reise frå Sauda som ein følge av at Sauda Mottakssenter hadde sin siste dag i drift på tysdag.
– Eg er på gråten heile tida. Det er ein sånn rar følelse, nesten sånn eg har kjent på ved dødsfall i familien. Eg var på Kiwi i stad, og eg er van med å treffe bebuarar frå mottaket der, helse på dei og snakke, men nå var det bare tomt, seier Kristin.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.