SØSKENMODERASJON: Brakamoen barnehage og Sauda kommune er ueinige om kor mykje pengar barnehagen har rett på i søskenmoderasjon for tidlegare år. (Foto: Frank Waal)
SØSKENMODERASJON: Brakamoen barnehage og Sauda kommune er ueinige om kor mykje pengar barnehagen har rett på i søskenmoderasjon for tidlegare år. (Foto: Frank Waal)

Strid om tilbakebetaling

Brakamoen Barnehage og Sauda kommune kranglar om tilbakebetaling av pengar.

I perioden 2011 til 2016 gav Brakamoen Barnehage søskenmoderasjon, sidan Sauda kommune har vedtatt å tilby søskenmoderasjon. I ettertid viser det seg at Brakamoen Barnehage har rett på å få tilbakebetalt søskenmoderasjonen frå Sauda kommune. Totalt har den private barnehagen gitt moderasjon for over 800 000 kroner i denne perioden.

Sauda kommune erkjenner at Brakamoen Barnehage har rett på å få tilbakebetalt desse pengane frå kommunen. Men Sauda kommune ønsker kun å tilbakebetale i åra frå og med 2013 til og med 2016. Kommunen meiner kravet frå åra 2011 og 2012 er forelda. Beløpet for desse to åra er på 300 000 kroner.

Dette har den private barnehagen klaga på og varslar at dei er villige til å gå rettens veg for å få tilbakebetalt 300 000 kroner.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.