Onsdag denne veka skal kommunestyret vedta ny organisering av Sauda kommune. Det eine målet er å drifte kommunen billegare samtidig som flest muleg av tenestene skal bli oppretthalde. Det andre målet er å begynne å spare pengar. For å få til dette foreslo rådmannen å legge ned Risvoll skule. Fleirtalet i formannskapet sa nei. I morgon skal kommunestyret fatte eit endeleg vedtak.
– Fleirtalspartia stemmer ned forslaget om å legge ned Risvoll skule utan at dei kjem på bordet med eit alternativt innsparingsforslag. Det er å seie nei utan at det på nokon måte blir tatt ansvar, meiner Seim, gruppeleiar for Sauda Høgre.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.