– Eg er veldig fornøgd med resultata. Me har fått både ros, kritikk og konstruktiv kritikk. Mykje av det som er kome fram er stadfesting av inntrykk me tilsette har hatt av situasjonen. Nå, med resultat av undersøkinga på hand, har me noko konkret å jobba vidare med, seier Olivia Obtinario, einingsleiar ved Sauda legesenter.
Obtinario skulle helst sett at fleire nyttar nettsida til legesenteret eller SMS-tenesta til å bestilla timar eller få svar på prøvar. Blir folk flinkare her, vil det frigjera tid for personalet i luka, samtidig som køen på telefonlinja blir redusert.
Ho veit at dette er ei utfordring, spesielt for dei eldre, men seier ho meir enn gjerne stiller opp på for eksempel møte i pensjonistforeininga for å læra folk å bruka desse tenestene. Ho utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt å innskrenka opningstidene i luka.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.