– Eg har måtta utfordra meg sjølv på fleire område, ikkje minst for at sønene mine skal synast at det er kjekt å vera ilag med meg også. Men når sant skal seiast har eg aldri vore noko ”jålejente”. Eg har likt litt røffe ting å bryna meg på, innrømmer Eva-Karin Bjerga Øverland.
Odelsjenta frå Svandal sine arbeidskvardagar i dag er prega av skoging, traktorkjøring, vedtransport, brøyting og diverse vaktmeisteroppdrag for hyttefolk. For eitt år sidan tok ho motorsagsertifikat.
Ho var lei av at det alltid var ho som måtte gjera den kjedelege kvistinga under skogsarbeid, medan faren Tor Olav og ektemannen Ola Martin arbeidde med motorsaga.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.