FEKK BLOMAR: Inge Mikal Nødland (til høgre) fekk blomar og gode ord frå ordførar Asbjørn Birkeland, då det blei klart at Interessegruppa Samuel Tveit er tildelt Eldsjelprisen 2016. (Foto: Ingvil Bakka)

Eldsjelprisen til interessegruppa

Formannskapet vedtok i dag, onsdag, å gi Eldsjelprisen 2016 til Interessegruppa Samuel Tveit.

Det var eit samstemt formannskap som hylla innsatsen den frivillige gruppa har lagt ned i og rundt kunstnareigedommen Tinghaug i Saudasjøen.

– Utruleg mange gode kandidatar. Me meiner prisen bør gå til Interessegruppa Samuel Tveit, og at prisen ikkje går til enkeltpersonar, men til heile gruppa, sa Senterpartiets Kristine Espeland Rafdal.

Både Høgres Dagfinn Birkeland og Aps Kjell Reidar Austerheim tok ordet og støtta Rafdal og Senterpartiet si støtte til interessegruppa.

Interessegruppa, ved leiar Inge Mikal Nødland, blei invitert til Rådhuset for blomsteroverrekking og fotografering.

– Dette var overraskande, og inspirerer verkeleg til vidare arbeid, sa Nødland under overrekkinga.

Sjølve prisen blir delt ut ved paviljongen 17. mai.

Les meir i papirutgåva på fredag.