Interessegruppa Samuel Tveit, her representert ved Arne Skogerbø (frå venstre), Jon Lambrigt Grindheim, leiar Inge Mikal Nødland, Torgeir Tveitane, Ola Daniel Tveit, Johannas Bakka, Leif Moe og uoffisielt æresmedlem Helge Valskår, blei av formannskapet gitt Eldsjelprisen 2016.  Nå kan du føreslå kven som skal få prisen for 2017.

Eldsjeler med nye planar

Interessegruppa Samuel Tveit blei gjort ære på av eit einstemmig formannskap.

Med fyr i peisen, kaffi i koppane og Kong Haakon-konfekt som effektar samla majoriteten av eldsjelene i Interessegruppa Samuel Tveit seg på Tinghaug i går føremiddag. Eit døgn tidlegare gjorde politikarane i formannskapet ære på dei med å gi dei Eldsjelprisen 2016. Vedtaket var einstemmig.

Dei som trur at gruppas arbeid framover kun blir å halde liv i det dei alt har laga til, må tru om igjen.

– Me blir aldri ferdige, me har eigentleg alltid nye planar, seier leiar for interessegruppa Inge Mikal Nødland og smiler, før han held fram:

– Nå jobbar me for å realisere eit lysthus. Me kallar det for diamanten, for det trur me blir eit fantastisk bygg med mykje glas og lys. Tanken er at det skal stå på haugen over Tinghaug-bygget, og me håpar å starte grunnarbeidet i løpet av året, seier Inge Mikal Nødland, leiar for interessegruppa.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.