FULL UTRYKKING: Brannen torsdag kveld i 19-tida starta i ein varmtvasstank i kjellaren under frisørsalongane i Brugata. (Foto: Even Emberland)
FULL UTRYKKING: Brannen torsdag kveld i 19-tida starta i ein varmtvasstank i kjellaren under frisørsalongane i Brugata. (Foto: Even Emberland)

Hårfint unna brann

Brannen i varmtvasstanken i kjellaren rakk ikkje å utvikla seg, men begge frisørsalongane i bygget fekk sotskader.

– Eg var innom toalettet før eg skulle gå for dagen, og synest eg kjende litt røyklukt. Eg gjekk ut i bilen, men fekk liksom ikkje roen over meg, og gjekk inn igjen. Då var det kvitt av røyk inne på doen, fortel Gro Ringhagen, innehavar av frisørsalongen Saxoføhn i Brugata.

Ho ringte ektemannen, Vegard, som raskt kom på plass og undersøkte kjellaren under frisørsalongen nærare. I rommet der varmtvasstanken står blei han møtt av tjukk røyk. Han brukte deretter eit brannsløkkingsapparat og fekk stoppa brannutviklinga. Brannvesen og ambulanse rykka også ut til bygget i Brugata.

– Dette kunne gått riktig gale. Det var nok snakk om sekundar. Men heldigvis gjekk det greitt, seier Gro Ringhagen.

– Det er godt du har god luktesans.

– Ja, eg er nøye på nasen og lukter, ler ho.

For frisørkollega og nabo i bygget, Heidi Hambalko, blei hendinga ekstra traumatisk. Det er under eitt år sidan heile frisørsalongen hennar, Herrefrisøren, brann ned til grunnen i den store bakeribrannen i mai. I midten av august i fjor kunne ho flytta salongen inn nyoppussa lokaler i Brugata. Brannen torsdag kveld sette derfor ein alvorleg støkk i henne.

– Det var heilt forferdeleg. Eg gjekk heilt i sjokk, innrømmer Hambalko.

Ho hadde også jobba til klokka 19.00, og hadde akkurat kome heim då ho blei oppringt om brannen.

Begge frisørsalongane held ope fredag. Både Ringhagen og Hambalko fortel at lokala er dekka av fint sot.

– Det ser reint ut, men når ein tar ei fille og tørkar blir det kolsvart, fortel Hambalko.

Frisørane hadde heller ikkje varmtvatn i lokala sine i dag, fredag.

– Eg har bedt kundane mine komma med nyvaska hår i dag, kunne Ringhagen fortella.

Same dag venta dei to frisørane på takstmann som skulle vurdera lukt- og røykskader i bygget.

Ny varmtvasstank kom på plass i løpet av fredagen.