SISTE OPPSTILLING: Måndag stilte soldatane i Sauda HV-område opp på Lyngmyr. Frå nyttår blir Heimevernet omorganisert. (Foto: Frank Waal)
SISTE OPPSTILLING: Måndag stilte soldatane i Sauda HV-område opp på Lyngmyr. Frå nyttår blir Heimevernet omorganisert. (Foto: Frank Waal)

«Ei rasering av heimevernet»

Rogaland må kutte kraftig i Heimevernet. Sauda og Suldal opphøyrer som eigne HV-område og blir slått saman.

Måndag morgon hadde heimevernet i Sauda oppstilling på Lyngmyr. Heile veka er det HV-øving. Truleg var dette den siste oppstillinga for Sauda HV-område. Frå 1. januar får Sauda og Suldal felles heimevern. Årsaka til samanslåinga er at Heimevernet får store kutt i budsjetta sine. Verst går det ut over Agder-fylka og Rogaland, som er eit felles HV-distrikt.

Saudaordførar Asbjørn Birkeland, som også er offiser i det lokale Heimevernet, er sterkt kritisk til dei store kutta.

– Dette er ei rasering av Heimevernet i Rogaland, meiner Birkeland.

Han reagerer på at Heimevernet i framtida ikkje vil ha kapasitet til å beskytte viktig sivil infrastruktur.

– Sauda har kritiske sivile installasjonar. Eg er usikker på om regjeringa og stortinget veit kva dei har gjort, seier Birkeland.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.