– Me hadde ein ”all time high”-produksjon i 2016. Likevel var omsettinga til Eramet Norway åtte prosent lågare enn i 2015, fortel Rune Dolmen, verksdirektør ved Eramet sitt smelteverk i Sauda.
Store svingingar i både prisar og etterspørsel etter mangan er årsaka til at det blei produsert meir enn det blei selt i fjor.
Millioninvesteringane som blei gjort i prosjektet MOR 700 i 2016 har bidratt til at kapasiteten og effektiviteten ved MOR-anlegget har auka. Dette førte til nye produksjonsrekordar i 2016.
– Me ”vann” ei viktig investering tilknytta vidareutvikling av raffineringskapasiteten vår. Dei endelege endringane vil bli realisert frå og med andre halvår i 2017, medan store delar av fjoråret gjekk med til førebuingar og uttesting. Testane viser lovande resultat for framtida, seier Dolmen.
Omn 11 produserte i 2016 tre prosent betre enn i 2015.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.