2016: I fjor var det stort sett fint vêr under Saudadagane, bortsett frå på laurdagen, då striregna det. Det var våte syklistar som suste over målstreken foran rådhuset i Sauda sentrum. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
2016: I fjor var det stort sett fint vêr under Saudadagane, bortsett frå på laurdagen, då striregna det. Det var våte syklistar som suste over målstreken foran rådhuset i Sauda sentrum. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Klare for årets styrkeprøve

Haugesund-Sauda-syklistane får tidenes sommarvêr i det elleve mil lange rittet, som nå har nær 300 påmeldte. I fjor striregna det.

Fredag formiddag var det 294 påmeldte i Sauda Sykkelklubb sitt store hovudarrangement; Haugesund-Sauda. Av desse er 33 personar frå arrangørklubben, medan rundt 15 personar syklar i ulike grupper frå Frisk & Rask treningssenter.

Det er i år 31. gong Sauda Sykkelklubb arrangerer turrittet mellom Haugesund og Sauda. Også i år går starten frå Raglamyr i Haugesund, og målgangen er foran rådhuset i Sauda sentrum. Medan trimgruppa startar klokka 10, startar konkurranseklassane ein time seinare. Det er venta at vinnaren kjem i mål etter rundt 2 timar og 40 minutt. Løyperekorden på 2 timar, 36 minutt og 19 sekund blei sett i fjor av siddisen Erlend Blikra.

I ei pressemelding frå Sauda Sykkelklubb blir det minna om at rittet vil setta sitt preg på trafikken mellom Haugesund og Sauda i fleire timar laurdag.

– Rittet har politieskorte, masterbil og motorsykkel foran store puljer. Det kan oppstå kødanningar, spesielt fram til Knapphus. Me oppfordrar bilistar til å visa tolmodighet og varsomheit, heiter i pressemeldinga.

Også under den svært så fartsfulle innspurten opp Rådhusgata er det viktig at folk respekterer sperringane.

Fleire tidlegare vinnarar av rittet står på startstreken. Blant mennene finn me stordryttarane Dag Foseid og Stein Helge Simonsen, og saudabuen Øyvind Dybing. I dameklassen stiller sandneskvinna Kjersti Aanderaa, som vann rittet i 2014, 2015 og 2016. Også Tone Hatteland Lima (Bryne CK), for øvrig profesjonell syklist for Hitec Products, stiller til start i år. Ho vann Haugesund-Sauda i 2000, 2006 og 2011.

Opp gjennom historia har ingen av Sauda Sykkelklubb sine medlemmer vunne rittet. Då Øyvind Dybing vann i 2002 representerte han sykkelklubben til Fana IL.

I år er han, saman med Kristen Søndenå Karbøl, Sverre Gjuvsland , Andre Lalid og Stian Johnsen Nordvik, blant arrangørklubbens håpefulle i første pulje.