FEKK PLASSANE DEI VILLE HA: André Leirvik (nærmast) og Kristina Grimaas Bakkedal går begge industriteknologi. Til hausten blir dei kasta ut i arbeidslivet, høvesvis hos Norsk Stein og hos Statoil. (Foto: Even Emberland)
FEKK PLASSANE DEI VILLE HA: André Leirvik (nærmast) og Kristina Grimaas Bakkedal går begge industriteknologi. Til hausten blir dei kasta ut i arbeidslivet, høvesvis hos Norsk Stein og hos Statoil. (Foto: Even Emberland)

Høgt skatta elevar

Samtlige saudaelevar som går andre klasse TIP har fått læreplass. Mange har også fått tilbod frå fleire bedrifter, medan lærarane får førespurnader frå Austlandet.

Andreklassingar som går industriteknologi og kjemi og prosess ved Sauda vidaregåande skule er ettertrakta. Til hausten startar dei den toårige læretida hos ulike bedrifter, og fleire av dei har i løpet av våren fått tilbod frå både to og fleire bedrifter, som ønsker dei på sin arbeidsplass.

Bak sveiseapparatet på verkstaden sit André Leirvik, også han suldøl som har fått læreplass i heimkommunen, i Statkraft. Der vil han jobbe relatert til vasskraft, med hovudvekt på overhaling av pumper og turbinar.

– Eg gler meg til å starte, og det blir godt å vere ferdig med skule. Eg har vore der på utplassering og likte det godt. Det er ganske variert arbeid og ikkje langt frå Erfjord, kor eg er frå, seier han.

Kristina Grimaas Bakkedal er ein annan elev som går industriteknologi. Til hausten startar ho hos Statoil på Kårstø, etter å ha komme gjennom både eitt og to uttak og vore på intervju hos olje- og gassgiganten.

– Eg søkte eigentleg bare for å søke. Eg blei kalt inn på intervju, men rekna ikkje med å få plass, så det er veldig kjekt. Det blir spanande å sjå korleis det fungerer i arbeidslivet, for det er noko heilt anna enn verkstaden her på skulen, seier Bakkedal.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.