– Ja, me føler oss lurt. Politikarane opptrer uforutsigbart, og me meiner planane om å få la yrkessjåførlinja få øvelseskjøra gjennom området ikkje lar seg kombinera med dei grøntareal-planane som ligg føre for området. Me fryktar at heile planen nå raknar, seier Eivind Hillestad, leiar for sameiget i dei tre leilegheitsblokkene Øgreidkaien.
For eit par år sidan blei det starta med planlegging av ein ny reguleringsplan for Vangsnes. Formålet med planen var å legga til rette for næring og hamn, laga eit friområde med gangveg, og å rydda i ein noko rotete og bildominerande trafikksituasjon. I det nye reguleringsplanforslaget som er jobba fram ligg det inne planar om å stenga den nåverande fylkesvegen som går langs sjøsida for kjøretrafikk.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.