TRIVST MED LÅGT SJUKEFRÅVÆR: Ved Sauda legesenter var sjukefråværet langt lågare enn generelt i helsesektoren i Sauda kommune i årets første månader. Det gler Wasifa Sofia Javed Butt (frå venstre), Mohsen Javed, Siv Marit Stamnes, Barbro Saltnes, Malin Lofthus, Wenche Geelmuyden Rød og Grete Flokketveit, som alle har legesenteret som sin arbeidsplass. (Foto: Even Emberland)

Lite sjuke på legesenteret

Generelt er sjukefråværet høgt i helseeiningane i Sauda kommune. På legesenteret er det derimot lågt, etter at dei har lagt eit par turbulente år bak seg. 

Sjukefråværet blant tilsette i Sauda kommune var i årets første kvartal 8,5 prosent, ei kraftig stigning samanlikna med 2016. For 2017 har kommunen sett seg mål om eit sjukefråvær under seks prosent.

Helse og omsorg-sektoren er ein belasta sektor i norske kommunar kva gjeld sjukefråvær. Slik er det også i Sauda, og i einingane Åbøtunet, Høllandstunet, heimetenesta, Torsveien, Bøgata og Sauda Distriktsmedisinske senter er sjukefråværet over sektoren sitt mål om under sju prosent sjukefråvær.

Ved Sauda legesenter er sjukefråværet derimot svært lågt. Eininga hadde i første kvartal eit sjukefråvær på 3,6 prosent. Fysioterapi-, helsestasjon- og jordmortenesta er også del av eininga. Ingen av dei tre tenestene hadde meir enn éin prosent sjukefråvær i første kvartal dette året.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.