OPPGRADERING: Den kommunale vegen opp frå Fløgstadvika blir totalrenovert og får nytt vatn og avløp. (Foto: Frank Waal)
OPPGRADERING: Den kommunale vegen opp frå Fløgstadvika blir totalrenovert og får nytt vatn og avløp. (Foto: Frank Waal)

Manglar millionar i vedlikehald

Kvart år blir det blir det brukt fleire millionar kroner mindre i vedlikehald enn kva det er behov for i Sauda kommune.

Etterslep på vedlikehald har blitt eit veletablert uttrykk i offentleg sektor. For å få eit budsjett til å gå i hop, må det kuttast. Da er det alltid enkelt å kutte i vedlikehaldsbudsjettet. Ein kommunal parkeringsplass ringer ikkje til politikarane eller kommuneadministrasjonen og kjeftar fordi den ikkje får ny asfalt.

Kvart år blir det brukt mindre pengar på offentleg vedlikehald i Norge enn kva det er behov for. Dette gjeld også Sauda kommune.

Ryfylke har bedt driftsavdelinga til teknisk eining rekne ut kor stort det kommunale etterslepet er når det gjeld vedlikehald.

– Nøyaktige tal er vanskeleg å få til. Det er særleg når det gjeld kommunale bygg det er komplisert å rekne ut etterslep, seier Øyvind Ljung, som er einingsleiar for driftsavdelinga til teknisk eining.

Ut frå utrekningane til driftsavdelinga burde det kvart år bli brukt to millionar kroner på asfalt, mens det i Sauda kommune dei siste åra har blitt budsjettert med ein halv million kroner når det gjeld vedlikehald av asfalt.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.