Det var knytt stor spenning til kva politikarane i kommunestyret ville bestemma seg for, då dei onsdag skulle behandla saka ”Reguleringsplan for Vangsnes”. I planforslaget ønsker utbyggar i området, EV-Eiendom, å stenga den nåverande fylkesvegen som går langs sjøsida for kjøretrafikk og heller bygga gang- og sykkelveg og oppretta meir grøntområde.
Ni av politikarane deltok aktivt i debatten, og enkelte tok ordet fleire gonger for å argumentera for sitt syn. Det blei raskt klart at spesielt Senterpartiet, som har ni representantar i kommunestyret, ikkje var einige i saka innad i partiet. Høgres Katrine Skorpe la fram forslag om å vedta reguleringsplanen utan tilleggsforslaget. Dette forslaget blei derfor sett opp mot vedtaket frå formannskapet som altså opna for øvelseskjøring. Under avstemminga kunne politisk sekretær Solfrid Handeland tella ti hender som stemte for Katrine Skorpe sitt forslag.
To parti var delt i saka. Tre av Senterpartiet sine ni medlemmer stemte for Skorpe-forslaget, medan tre av Arbeidarpartiet sine fem medlemmer gjorde det same, saman med Høgre og KrF.
Dermed blei reguleringsplanen vedtatt, utan opning for øvelseskjøring for yrkessjåførlinja, med ti mot ni stemmer.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her for meir frå debatten og reaksjonar.