I PRODUKSJON: Lars Sigve Søndenå, plassjef ved Saint-Gobain Bøckmann i Saudasjøen. (Arkivfoto)
I PRODUKSJON: Lars Sigve Søndenå, plassjef ved Saint-Gobain Bøckmann i Saudasjøen. (Arkivfoto)

Klarer å halde hjula igang

Glasfabrikken Saint-Gobain Bøckmann i Saudasjøen klarer å halde produksjonen igang, sjølv om hackerangrepet har slått ut datasystema til det internasjonale selskapet.

– Me utfører ein del manuelle operasjonar i produksjonen. I tillegg har me klart å få opp to PCar på kritiske maskinar, slik at dei er i drift. Men det er ein tungvindt måte å produsere på og alt tar ein del lenger tid, seier plassjef Lars Sigve Søndenå.

Det var i går at viruset «Petya» ramma Saint-Gobain og ei rekke andre internasjonale selskap i ulike land. Viruset hindrar tilgangen til datamaskinar og krev at pengar, i form av Bitcoins, blir overført før brukaren kan få tilgang til datamaskinane igjen.

– Foreløpig klarer me å halde hjula igang. Me fekk sendt ut eit trailerlass i går og skal sende eit lass i morgon. I tillegg vil me omprioritere slik at me får utført sommarvedlikehald denne veka. På den måten klarer me å halde drifta igang. Samtidig blir det jobba med å få datasystema på plass igjen. Forhåpentligvis vil derfor dette gå godt, seier Søndenå.

Saint-Gobain har vore sparsommelege med informasjon etter at det internasjonale konsernet blei ramma i hackerangrepet.