Det internasjonale selskapet Saint Gobain har blitt ramma av hackerviruset «Petya», som har spreidd seg internasjonalt det siste døgnet. Datasystema til Saint-Gobain er nede og dette har igjen gått ut over glasfabrikken i Saudasjøen.
– Me jobbar på spreng for å få kontroll på situasjonen, men eg har ikkje lov til å uttale meg til pressa i denne saka, seier plassjef Lars Sigve Søndenå til Ryfylke torsdag morgon.
Jacup Richter, sjef for Saint-Gobain Glas Solution Norge, opplyser til Ryfylke at heller ikkje han har lov til å uttale seg til pressa, men han kan likevel bekrefta at dei har blitt ramma av hackerangrepet.
– Ja, det er sant. Saint-Gobain har blitt utsett for eit dataangrep, men eg har ikkje lov til å gi frå meg meir informasjon. Beklagar, seier Richter.
– Har de ein tidshorisont på kor lang tid det vil ta å få datasystema til å fungere igjen?
– Me arbeider med dette, men eg veit ikkje kor lang tid det vil ta, seier Jakub Richter.
Det er viruset «Petya» som har ramma Saint-Gobain og ei rekke andre internasjonale selskap i ulike land. Viruset hindrar tilgangen til ein PC og krev at pengar, i form av Bitcoins, blir overført før brukaren kan få tilgang til PCen igjen.
Heile glasfabrikken i Saudasjøen er utan tilgang til datasystema sine. Også alt produksjonsutstyret er datastyrt, eller som plassjef Lars Sigve Søndenå sa til Ryfylke då han prøvde å finne fram telefonnummeret til Jacup Richter.
– Før hadde eg telefonnummeret på PCen…