MODERNE STIL: Rune Bratås har eit  80-90 kvadratmeter stort selskapslokale med kjøkkenfasilitetar til leige på garden sin. Han siktar seg inn på bedriftsmarknaden, både i og utanfor Sauda. (Foto: Ingvil Bakka)
MODERNE STIL: Rune Bratås har eit 80-90 kvadratmeter stort selskapslokale med kjøkkenfasilitetar til leige på garden sin. Han siktar seg inn på bedriftsmarknaden, både i og utanfor Sauda. (Foto: Ingvil Bakka)

Meiner samarbeid er makalaust

Rune Bratås vil selga Sauda til både innbyggarar og bedrifter. Nå startar han opp som aktivitetsarrangør.

– Sauda er ein veldig fin og bra plass, med mange ressursar og flinke folk. Men det er ei utfordring å få til samarbeid her. Alle er opptatte med seg og sitt, seier Rune Bratås.

43-åringen har nå etablert firmaet Makalaust AS, eit slags ”opplevingsselskap” som skal fungera som ein samlande organisator for tilbod og aktivitetar i Sauda. Det er ennå tidleg i oppstartfasen, men alt nå har Bratås inngått fleire kontraktar med ulike firma og ressurspersonar i Sauda.

Rune Bratås er veterinær, og kjem opphaveleg frå Nøtterøy på Austlandet. Han har budd i Sauda sidan 2001, og bur i dag på Teig, på eit lite gardsbruk han kjøpte i 2005. Her lever han med familien sin, og her driv han veterinærpraksisen sin. I tillegg er han leiar for det interkommunale miljøretta helsevernet. Samtidig er han politisk engasjert, og han har fleire gonger markert seg i lokalsamfunnet med sine tankar om ulike utviklingsprosjekt i Sauda.

– Eg har eit veldig engasjement for Sauda, og synest at Sauda har eit stort og unytta potensial når det gjeld samferdsel, turisme, reiseliv og alle dei ulike tilboda og opplevingane ein har tilgang på her, seier han.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.