Rune Bastlien er i ein liten pluss to år etter at han blei Bunnpris-kjøpmann. Men framleis er han ”lillebror” i den lokale daglegvarebransjen. Foto: Frank Waal.
Rune Bastlien er i ein liten pluss to år etter at han blei Bunnpris-kjøpmann. Men framleis er han ”lillebror” i den lokale daglegvarebransjen. Foto: Frank Waal.

Rune gjer ting han ikkje kan

Korleis skal han selje varer han strengt tatt ikkje kan så mykje om? Jo, han skal smake seg gjennom utvalet.

– Kor mange vareslag har Bunnpris?

– 3 400, sånn cirka, smiler Rune Bastlien.

Eg har nettopp spurt om kva som kjenneteiknar ein god seljar, og han har nettopp svare at det er å vere utadvendt og kunne det du skal selje. Produktkunnskap. For det er mange som ikkje kan noko om det de skal selje.

­– Sjølvsagt manglar eg bransjekunnskap, men det skal eg lere meg. Og eg har veldig flinke folk rundt med på butikken, seier mannen som skal ta over som drivar av Bunnpris-butikken i Sauda.

– Eg skal innrømme det, eg trudde majones var majones, men det er det altså ikkje.

– Så det skal du sette deg inn i?

– Ja. Men eg veit alt at det er forskjell på hamburgerbrød. Eg forklarte det til ein kunde, fordi eg hadde testa desse brøda, og sa han kunne prøve dei dyraste. Og eg lova han pengane tilbake om han ikkje blei fornøgd.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.