I ei pressemelding frå styreleiar i Sauda Folkets Hus, Sivert Sørnes, kjem det fram at AS Forskaling la inn bod på 4,165 millionar kroner på betong- og stålarbeidet til Folkets Hus-prosjektet.
Rundt sju månader etter at dei fekk tilslaget på jobben, oppdaga entreprenørfirmaet at bodet dei fekk jobben med var 3 070 492 kroner mindre enn kva dei hadde meint at bodet skulle vere.
Sauda Folkets Hus og AS Forskaling har etter at feilen blei oppdaga i mai gjort avtale om at førstnemnde dekker 2,3 millionar kroner av meirkostnadene, medan AS Forskaling tar resten.
– Kvifor tar Sauda Folkets Hus størstedelen av rekninga når feilen har skjedd hos AS Forskaling?
– Partane har blitt einige om å gjere det sånn. Det er viktig for AS Forskaling. Utover det viser eg til pressemeldinga, seier styreleiar i AS Forskaling, Gro Johanne Lofthus.
– Stod firmaet i fare for å måtte legge ned om ein skulle tatt heile rekninga på 3,1 millionar kroner?
– Det ville gitt ei stor økonomisk utfordring. Den måtte me ha gjort noko med. Det var ikkje tema å legge ned, og målet var å løyse problemet. Måtte me tatt heile rekninga, så måtte me løyst det på andre måtar, forklarer Lofthus.
For Sivert Sørnes og styret i Sauda Folkets Hus var det avgjerande å sikra vidare framdrift i prosjektet. Det er flagga opningshelg for Folkets Hus 27. april-29. april i 2018.
– Me kunne ikkje tillate at dette stoppa framdrifta, og difor la me mykje energi ned i å sikre framdrifta i prosjektet. For eit selskap som AS Forskaling er 3,1 millionar kroner mykje, og for oss har det vore viktig å sjå saka i eit samfunnsperspektiv, i tillegg til å sikre framdrifta, seier Sørnes, før han held fram:
– Nå påverkar ikkje denne saka framdrifta på noko som helst vis. Det er viktig for meg å seie. Det blir opning som planlagt, og me skal vere ferdig med dei viktigaste tinga til opninga.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.