Det var i førre månad at Høyesterett felte dom i saka mellom Saudefaldene og staten ved Sentralskattekontoret for storbedrifter. Der blei det konkludert at det er saudabedrifta som er skattemessig eigar av kraftverket Sønnå Høy.
For Saudefaldene betyr det at ein ikkje får tilbakebetalt mellom anna eigedomsskatt og grunnrenteskatt som ein har betalt eller kostnadsført for perioden 2010 til og med 2016.
I årsrapporten for 2016 til børsselskapet Orkla, som er majoritetseigar i Saudefaldene, kjem det fram at Saudefaldene har betalt cirka 88 millionar kroner i eigedomsskatt for Sønnå Høy til og med 2016. Saudabedrifta har også kostnadsført rundt 83 millionar kroner i grunnrenteskatt til staten til og med 2016.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.