HYTTEKOS: Jon Hansen kom til Sauda som skuleelev i 1963. Sidan har han vist igjen med engasjement, mellom anna i Sauda Turlag, arbeidslivet, politikk, men særleg som eldsjel i og for Åbødalen.
HYTTEKOS: Jon Hansen kom til Sauda som skuleelev i 1963. Sidan har han vist igjen med engasjement, mellom anna i Sauda Turlag, arbeidslivet, politikk, men særleg som eldsjel i og for Åbødalen.

Ei naturleg eldsjel

Jon Hansen brenn for at det er enklast mogleg for flest mogleg å trivast i naturen. Det har han synleggjort i Åbødalen i 35 år. 

– Velkommen til Sauda sin finaste dal! helsar Jon Hansen.

Han ventar ved badeplassen ved Storemyr i Åbødalen, eit par hundre meter frå hytta han og kona Eli eig. Hytta kviler nesten aldri, for det er her han trivst best, etter at han pensjonerte seg i 2010.

Det synest også i kven Jon er for andre. I Åbødalen har han lagt ned tallause timar, årleg fleire hundre, for å legge til rette for at flest mogleg skal trivast i friluft og få lyst til å besøke dalen og komme igjen. Difor har han stått på i hytteforeininga sidan den blei til i 1995.

– Eg har nok blitt eit kjennemerke i dalen, på godt og vondt. Det vil alltid vere nokre som synest noko om det eg gjer, men det viktigaste for meg er å legge til rette for flest mogleg. Eg har alltid brent for at folk kjem seg ut og synest det er kjekt i naturen, men då må det vere tilrettelagt for alle, seier Jon.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.